Baltikum

Digital ungdomskonferanse i Narva med nordisk-baltisk samarbeid

Torsdag og fredag, den 29. – 30. november 2018 var det ein digital ungdomskonferanse i Narva i Estland, med namnet ”digital youth”. Dette var eit nordisk-baltisk samarbeid, med om lag 90 estiske ungdomar og om lag 20 nordiske, storparten frå Finland. Dette var viktig for den digitale utviklinga, men framfor alt var det nyttig for eit nordisk-baltisk samarbeid mellom oss unge. Eg trur dette er eit stort potensiale, og her kan vi lære mykje nytt.

47422994_2142391035806347_1053050879181062144_n.jpg

Konferansen vart halden på universitetet i Narva, ein by heilt aust i Estland. Storparten av folk som bur her har russisk som morsmål, og dette området skil seg soleis kulturelt frå den estiskspråklege delen av landet. Estland er soleis eit svært interessant land, som ligg i ein posisjon mellom Norden på den eine sida og Russland på den andre. Historisk har det vore dansk, tysk og svensk styre frå vest, men i nyare historie har styringa vore gjennom Russland og seinare Sovjetunionen i aust. Det vart difor ei heilt anna oppleving når vi var i Narva framfor å ha det i til dømes Tallinn.

Både presidenten åt Republikken Estland, Kersti Kaljulaid, og generalsekretæren åt Nordisk Ministerråd, Dagfinn Høybråten, hadde helsingar til oss unge. Dette var svært inspirerande, og det er verkeleg eit viktig signal ut til oss som deltek om at dette er noko som vert prioritert, støtta opp om og lagd merke til. Båe hadde inspirerande talar, både om den digitale utviklinga, kva høve dette gjev og om det nordisk-baltiske samarbeidet.

Den største skilnaden på det nordiske og det nordisk-baltiske samarbeidet er at skandinavisk ikkje er gangbart som lingua franca, og at ein lyt ty til andre framandspråk, særleg engelsk. Dette gjer sjølvsagd at samarbeidet vert noko tyngre, og at den språklege fellesskapen, som er heilt sentral i det nordiske samarbeidet, fell bort. Trass i dette, kunne vi kommunisere godt med kvarandre, og vi fekk lære mykje nytt som vi aldri hadde fått med oss gjennom berre eit nordisk samarbeid.

47250987_2142391085806342_7011412649044869120_n.jpg

Det nordisk-baltiske samarbeidet er ikkje eit alternativ til det nordiske samarbeidet, men det er eit godt tillegg som vi bør arbeide stadig meir med og utvikle.

Samarbeid og diskusjon knytt til den digitale utviklinga, som er heilt sentral i samtida vår, var verkeleg eit tema som var etla for å skape gode diskusjonar og løysingar på konkrete spørsmål. Estland ligg særleg langt framme når det gjeld digitalisering, og dei nordiske landa ligg ikkje så langt bak dei heller. Særleg for oss unge er dette noko som pregar kvardagen vår. Små land kan nok lettare takle denne digitale utviklinga, så her lyt vi samarbeide om gode løysingar, men nytte føremonen med at vi er så få innbyggjarar til å skape gode digitale system, som tryggjer rettane åt dei einskilde innbyggjarane.

47237265_2142407475804703_8535063335366819840_n.jpg

Saman om digitaliseringa, saman om eit nordisk-baltisk samarbeid. Takk til arrangørane for å skape denne flotte plattforma for gode diskusjonar og godt samarbeid. Det å investere i samarbeid hjå ungdom kan få positive verknadar i lang tid framover.

 

Dag Henrik Nygård

Viceordförande för FNUF och ledare för FNU Norge

Läs mer om konferensen här.